Fagarbeidar Vik barnehage - vikariat

50 % vikariat som fagarbeidar ved Vik barnehage. Søknadsfrist 1.8.2024.

Om Vik kommune

Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. 
Tenestemålet er nynorsk.

Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr. 
 

Me har ledig

Vik barnehage har ledig 50 % vikariat som fagarbeidar frå 12.08.2024 – 01.03.2025, med mogleg lenging ut barnehageåret 2025. 


Arbeidsoppgåver

Byggje gode relasjonar med barna og bidra til trivsel og utvikling. Dette inkluderer alt frå stell og hygiene, til organisering av aktivitetar og måltid, og samarbeid med kollega og foreldre.

 

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller tilsvarande.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Kunnskap om Rammeplan for barnehagar og pedagogisk praksis.
  • Evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for borna.
     


Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me ser etter deg som:

  • er engasjert og omsorgsfull
  • brenn for å jobbe med barn og vil ta ansvar for barna sin trivsel
  • er fleksibel og samarbeidsvillig – du trivst med å samarbeide med både kollega og foreldre
  • er ansvarsbevisst – du tek ansvar for barna sin tryggleik og trivsel
     

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø.
  • Fleksibel arbeidstid.

 

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår etter kommunalt avtaleverk. Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Den som blir tilsett må levere politiattest av nyare dato.

 

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal stå på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Me gjer merksam på at opplysningane kan bli offentleggjort sjølv om du ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Me vil i tilfelle varsla deg på førehand. Jamfør offentleglova §25.

 

Søknadsfrist og søknadsprosedyre

Søknadsfristen er 1.8.2024. Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

Søk på stillinga
 

Kontaktpersonar