Vik helse og omsorgssenter - arbeid med gatevarme og asfalt ved Vik legekontor i veke 45 og 46
Grunna legging av gatevarme og asfalt i veg/inngangsparti til legekontoret vert det ikkje framkomeleg der det er merka med skravert raudt avstengt anleggsområde.
Dersom ein skal til lege, fysioterapeut, tannlege eller vaksenopplæring må ein i veke 45 og 46 (frå måndag 04.11.2024) nytte tilkomst frå aust, alternativt personalinngang til legekontoret.
Det vert satt opp fysiske sperringar og skilt.
Publisert 31.10.2024 10:27
Sist endra 31.10.2024 10:32