Velkomen til open møteplass
Vik kommune har starta frivilligsentral, og i byrjinga vil me fokusera på open møteplass på velferdsenteret ved Vik bygde- og sjukeheim.
Møteplassen er open for alle måndagar og tysdagar kl : 12.00 – 15.00. Fyrste møte er måndag 10.10.
Me diskuterer kva me frivillige kan bidra med i vår kommune, for å gjera bygdene våre til ein god plass å bu for alle. Møteplassen skal vera ein stad der me har eit sosialt fellesskap, og kaffien er alltid klar.
Publisert 05.10.2022 08:54
Sist endra 05.10.2022 08:54