Vange bru

Vestland Fylkeskommune har stengt Vange bru grunna arbeid med rehabilitering av brua.

Dei varslar om at tiltaket vil pågå i ca. 7 veker. Omkøyring går via Elvegata.  Av omsyn til trafikktryggleik for dei mjuke trafikantane, er fartsgrensa sett ned til 30 km/t på vegen og 20 km/t over fartsdumpane som snart kjem på plass.

Kommunen vil be alle som køyrer langs Elvegata ta omsyn til nedsett fartsgrense.  Det er skulestart og oppstart av fritidsaktivitetar på ettermiddagstid. Mange mjuke trafikkantar vil både gå og sykla langs vegen grunna den stengde brua. Foreldre er informert om at det er sett inn skuleskyss for elevar som ikkje har ordning med skulebuss frå før.

Fylkeskommunen opplysar at ein kan gå inn på Statens vegvesen sine sider for oppdatering om det pågåande arbeidet. Les meir på denne lenkja.