Leveringa av influensavaksine er forseinka i år.
Frå våren 2025 er det innført eit vaksinasjonsprogram for vaksne i Noreg. Målet er å verne vaksne mot alvorlege smittsame sjukdomar. Programmet omfattar influensavaksine, koronavaksine og pneumokokkvaksine til eldre og personar i risikogrupper. For meir informasjon om voksenvaksinasjon - sjå FHI lenkje.
Kven bør vaksinere seg og kor ofte?
Vaksinering på Vik legekontor
Leveringa av influensavaksine er forseinka i heile Noreg i år. Me ventar å få influensavaksinen i veke 46. Vaksinering ved Vik legekontor er planlagt i vekene 47 og 48. Timar er no lagde ut for bestilling på www.helsenorge.no.
Logg inn – vel «Bestill time» – vel fastlegekontoret – vel «Vaksine» – vel dag og tid.
Det er òg mogleg å bestille time på telefon 576 98 700.
Prisar for vaksinering
Influensavaksine: 308 kr
Koronavaksine: 110 kr
Pneumokokkvaksine utanfor programmet (Pneumovax): 550 kr
Pneumokokkvaksine i programmet (Prevenar 20): 110 kr for dei fødde i 1961 og dei fødde i 1960 som ikkje nytta tilbodet i fjor.
Alle tre vaksinane kan takast samtidig. Ved samtidig vaksinering er prisen for korona- og pneumokokkvaksine i programmet 85 kr per vaksine.
Kommuneoverlege
Thuy-Anh Le Nes
Publisert 01.10.2026 12:35
Sist endra 02.10.2026 14:14