UKM - to jenter frå Vik deltek
Ylva Østvik Ytre-Eide og Karoline Nitter Stadheim skal representera Vik kommune på fylkesfestivalen til UKM (Ung Kultur Møtest) i Vestland 24-26 april.
UKM er ein nasjonal møteplass for ungdom som driv med kunst og kultur, der deltakarane får visa fram det dei held på med, og møta andre med same interesser. På konserten skal begge jentene synga med band, som blir leigd inn frå TV2. Jentene har øvd mykje og ser fram til deltakinga. I tillegg skal dei delta på workshop i kunst og teater.
På bilete: Ylva (Karoline var dessverre ikkje til stades då bilete vart teke.)
Me ynskjer lykke til!
Les meir om UKM fylkesfestival Vestland på denne lenkja.
Publisert 22.04.2026 10:55
Sist endra 22.04.2026 10:55