TV-aksjonen 2024 - saman for små heltar

Annakvar dag får eit barn i Norge kreft, og kvar veke vert 10 barn fødde med hjartefeil. 

Når eit barn får ein alvorleg diagnose, vert heile familien ramma. 

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen og etablering av familiehus nær universitetssjukehusa i fire norske byar. Familiehus vil gi familiar som har barn med alvorleg sjukdom, mogelegheit til å skape ein heim heimanfrå. Barna og familiane får møte andre i same situasjon, knyte verdifulle kontaktar, og få eit nettverk dei kan støtte seg på når livet er krevjande.

Søndag 20. oktober støttar vi barn som er ramma av alvorleg sjukdom og familiane deira. Takk for at du tek godt i mot bøssebærarene.


Bøssebærarane startar å gå sine tildelte rodar kl. 16.00.