Sommarleskampanjen
Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles.no. Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med.
Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan de registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).
Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor sider som tidlegare år. Talet på sider som er lesne vil framleis bli registrert automatisk. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for i år, som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.
For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Har de ein profil frå i fjor kan denne framleis brukast. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese/lytte og registrere i veg!
Me håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren!
Ventar du med å hente din første premie til etter måndag 8. juni vil du få ein ekstra premie med heim. Ekstra motivasjon til å lese litt ekstra før henting av første premie.
Me avsluttar sommarles med stor sommarles-fest i Blixhalli onsdag, 9. september kl. 1830. I år får me besøk av Askeladden friteater. Det vil også verte trekning av mange flotte premiar.
For sommarlesforteljinga treng du kodeord:
- Kodeord for kapittel 1: DYNAMITT
Treng du hjelp eller meir informasjon, ta kontakt med biblioteket ditt!
GOD SOMMAR MED SOMMARLES 2026!