Skiftebu til vinterbadarar
Etter tips og oppmoding frå nokon av dei som framleis badar i sjøen, har Vik kommune innreia ei «skiftebu» i eit av nausta som kommunen eig, naust nr 2 frå Kristianhus.
Det er eit enkelt uisolert rom, men det er lagt inn lys og ein stråleomn kopla til eit tidsur. Trykk på tidsuret og det er varme på i ein time.
Kode til nøkkelboksen får ein ved å sende mail til Thomas Hjortland – tenesteleiar kommunalteknikk thomas.hjortland@vik.kommune.no.
Ottarvikji
Publisert 20.11.2024 15:11
Sist endra 20.11.2024 15:11