Resultat av hjortejakta 2022

Trass i at hjorten har vore lite synleg i haust vart det felt 468 hjort i Vik kommune i 2022, det vil seie berre 37 færre enn rekordåret i 2021, då me hadde rekord med 505 dyr.

I år har svært mange jegerar sjølv registrert fellings-rapportane/sett-og-skutt-rapportane elektronisk. Det er veldig bra, tala vert truleg meir rett, og det sparar kommunen for mykje arbeid.

Tildelte og felte hjort i Vik kommune 2014-2022 - Klikk for stort bileteTildelte og felte hjotrt i Vik kommune 2014-2022

Sidan dette var fyrste året i ny bestandsplanperiode for Vik hjorteviltområde og deira bestandsplan opnar for høgare uttak enn tidlegare, vart det 600 tildelte løyve totalt i kommunen dette året. Høg løyvetildeling er litt av årsaka til at fellingsprosenten vart 78 %, noko som er lågare enn vanleg i Vik (95 % i 2021, 89 % i 2020).
 
Fordelinga på klassar vart:    Målsetjinga i bestandsplanen er:

36% kalv (19 + 17)                             25% kalv
15 % spissbukk                                 18 % spissbukk
12 % 1 ½ koller                                  17 % 1 ½ års koller
17% eldre bukk                                 20 % vaksen bukk
20% eldre koller                                20% eldre koller

Det er altså felt mykje kalv, ein god del vaksne koller og ein desto lågare andel bukk og ungkoller. Tabell med resultat på valdnivå finn du under.

Grafen viser kor mange felte hjort i Vik kommune i 2022 - Klikk for stort bileteFelte hjort i Vik kommune

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fri kalveavskyting:
I år var me med på prøveordninga med fri avskyting på kalv. Tabellen her viser kor mange % av alle felte hjort som var kalv (hannkalv + hokalv) dei siste åra og totalt antal felte dyr.

Dersom ein reknar med at det ville vore 28% felte kalv utan fri avskyting, men vart 36 % med (19% + 17 %), har andel felte kalv auka med 8%. Det tilsvarar ca. 37 fleire felte kalvar enn normalt ved 468 felte dyr.