Prøveordning for renovasjonsløysing på plass for Strendene

Ein samarbeidsavtale mellom Norled, Simas og Vik kommune gjer at allereie denne veka startar Simas opp ei etterlengta løysing for renovasjon til dei fastbuande på Strendene.

Kvar onsdag i oddetalsvekene vil Tansøy ha container for anten papir/plast eller restavfall som kan nyttast av dei fastbuande. Containeren blir tatt i mot på kaien av Vik kommune - som syter for at den blir levert til Simas - og at ny rett container blir levert tilbake til Tansøy.

Rutetabellen fremover ser slik ut:

Renovasjon Strendene
Veke Dag Fraksjon Anna
27,31,35,39,43,47,51 Onsdag Papp/papir/plast Plast leverast i eigne sekkar saman med papp/papir
29,33,37,41,45,49 Onsdag Restavfall Restavfall samlast i eigna sekkar, leverast i container på båten

Dei tilbodet gjeld for blir også varsla på SMS frå Vik kommune i dag.