Oversyn over lag og organisasjonarLytt til tekstenStopp avspillingVik kommune vidarefører oversynet over lag og organisasjonar i kommunen, og treng hjelp frå dei ansvarlege leiarane i laga og organisasjonane. Me lanserte 15. desember ny nettstad for kommunen, og treng no hjelp frå ansvarlege leiarar i frivillige lag og organisasjonar til å gjenskapa eit oppdatert oversyn over lag og organisasjonar i kommunen. Tilgang til alt som har med registrering og vedlikehald av laget/organisasjonen din å gjera, finn du under hovedmenyen øvst til høgre på nettsida vår. Nedanfor kan du lesa korleis du kjem i gang med å registre brukar, registre laget eller organisasjonen din, og med å publisere aktivitetar i kulturkalenderen vår. Registrering av lag eller organisasjon Lag og organisasjonar kan sjølv opprette ansvarleg brukar og registrere laget/organisasjonen sin. Dette gjer du slik: Opprett ny brukar og registrer laget ditt ved å følgje denne lenka. Når me har godkjent brukaren din og laget/organisasjonen, kan du logge på tenesta. Dersom du treng hjelp, eller har spørsmål, kan du kontakte oss på publisering@vik.kommune.no eller på telefon 57 69 82 00. Pålogging, endring og registrering av arrangement Etter at brukaren din og laget/organisasjonen din er godkjent, kan du sjølv endra registreringa di ved å gå til pålogginga og logge inn på tenesta (følg denne lenka). Når du er innlogga, kan du også registrere arrangement som du ønskjer å få publisert i kulturkalenderen vår. Du kan sjå korleis kulturkalenderen ser ut ved å følgje denne lenka. Me gjer merksam på at me må godkjenne arrangementa du registrerer før dei vert synlege i kalenderen. Dersom du treng hjelp, eller har spørsmål, kan du kontakte oss på publisering@vik.kommune.no eller på telefon 57 69 82 00. Publisert 11.03.2022 14:17 Sist endra 12.04.2024 09:54