Mogeleg ureining av drikkevatnet i Vik
Vik kommune har hatt ei hending ved Refsdal vassverk som kan ha ført til ureining av drikkevatnet til abonnentane i Vik sentrum.
For å vere på den sikre sida skal abonnentane i Vik sentrum ikkje nytte vatnet til drikke eller matlaging fram til anna beskjed blir gitt på sms og her på heimesida. Koking av vatnet har ingen effekt.
Kommunen må sende vassprøvar til analyse i Oslo, og det kan ta nokre dagar før me kjem attende til normal drift.
Kommunen arbeider med å etablere nødforsyning av drikkevatn for innbyggjarane i Vik sentrum. Hentestasjonen vil vera på parkeringsplassen på nordsida av Vikjatunet, og vera klar frå om lag kl. 17.00 i dag 4.5.26. Naudvatnet er frå Bødalen vassverk. Hentestasjonen er open til kl. 22.00. Dagleg opningstid fram til kommunen har normal drift vil vera kl. 08.00 - 22.00.
Publisert 04.05.2026 15:18
Sist endra 04.05.2026 15:46