Kunngjering av planvedtak - for veg med fortau frå Vange bru til Flatbygdi skule

Detaljregulering for veg med fortau frå Vange bru til Flatbygdi skule vart vedteken av Vik kommunestyre i møte 25.09.2024, sak 086/24. 

Vedtaket vart gjort i medhald av §12-12 i plan- og bygningslova, og er bindande for alle arbeid og tiltak i planområdet frå dato for vedtak. Vedteke plankart, føresegner, planomtale, illustrasjonsplan og andre sentrale dokument i saka er å finne på Vik kommune sitt digitale planregister. Sjå dokumenta her.

Partar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket. Partar i planområdet vert informert med brev. Klageinstans er Statsforvaltaren. Eventuell klage skal sendast til Vik kommune innan 04.11.2024, merk med referanse 21/1209. E-post: postmottak@vik.kommune.no. Post adresse: Vik kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn.