Kunngjering av planvedtak - detaljregulering for Nordre Skjelingen

Kommunestyret vedtok detaljregulering for Nordre Skjelingen i møte 04.11.2024, sak 107/24. 

Vedtaket vart gjort i medhald av §12-12 i plan- og bygningslova, og er bindande for alle arbeid og tiltak i planområdet frå dato for vedtak. Vedteke plankart, føresegner, planomtale og andre sentrale dokument i plansaka finn de i Vik kommune sitt digitale planregister, ved å fylgje denne lenkja. 

Partar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket. Partar i planområdet vert informert med brev. Klageinstans er Statsforvaltaren. Eventuell klage skal sendast til Vik kommune innan 08.12.2024, merk med referanse 21/995.

E-post: postmottak@vik.kommune.no.

Post adresse: Vik kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn.