Vik kommune har tilsett Ellen T. Harbakk som kreftkoordinator i 20% stilling. Ho jobbar torsdagar i oddetalsveker og fredagar i partalsveker, og har kontor på legekontoret.
Pasientar/pårørande som ynskjer hjelp frå ho må sjølve ta kontakt direkte eller via legekontoret. De kan få gjort avtale direkte med ho, eller bli ringt tilbake. Om ein ikkje ynskjer å ta kontakt sjølv, kan ein be pårørande, lege eller nokon andre gjere det. Kreftkoordinatoren tek ikkje kontakt dersom pasienten sjølv ikkje ynskjer det.
På lenkja her finn de informasjons-skriv (PDF, 183 kB)
Koordinatoren kan kontaktast torsdagar i oddetalsveker og fredagar i partalsveker.
Kontaktinformasjon Ellen T Harbakk:
Arbeid: 576 98700
Mobil: 915 22 564
E-post: ellen.terese.harbakk@vik.kommune.no
Publisert 15.01.2024 09:58
Sist endra 18.01.2024 10:58