Klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland 2024
Turid Haga Vange og Joar Tistel får prisen for arbeidet dei gjer på eigen gard, og som framifrå ambassadørar for næringa.
Prisen er på 30 000 kr, og skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidle eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremje naturmangfald. Prisen vart delt ut på landbrukskonferansen 25. september.
Utdrag frå grunngjevinga for tildeling av prisen:
“På garden Vange driv dei med mjølkeproduksjon i fjøs med robotmjølking. Friske kyr som har eit langt liv, god fruktbarheit og høg avdrått bidreg saman med god drift av jorda til lågt klimatrykk. God agronomi sikrar høge avlingar og god fôrkvaliktet, sjølv om dei driv garden økologisk og ikkje nyttar plantevernmiddel eller kunstgjødsel.”
Vestland fylkeskommune har ansvar for utdeling av prisen. På bilete ser me (frå venstre) Oddmund Klakegg - leiar for næringsutvalet i Vestland fylke, Turid Haga Vange, Joar Tistel og Christian Rekkedal - landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren.
Fotograf: Kjersti Sognnes, Vestland fylkeskommune
Vik kommune gratulerer Turid og Joar med velfortent pris!
Publisert 26.09.2024 11:08
Sist endra 30.09.2024 10:03