Innsamling av rundballeplast

Felleskjøpet i samarbeid med Røyrvik Bygg og Betong står for den nye ordninga.

Innsamling av rundballeplast skjer hjå Røyrvik Bygg og Betong torsdagar i partalsveker mellom kl. 12.00 og 15.30. Det er gratis å få pressa plasten her.  Det er kun rundballeplast, som kan leverast på denne måten. Plasten skal vere "riste-rein". 

Nett frå rundballar er restavfall, og skal ikkje pressast saman med plasten. Storsekkar (t.d. frå kunstgjødsel) skal heller ikkje pressast saman med plasten. Me håpar å få til ei ordning med storsekkar etter kvart. 

Neste levering av plast er torsdag 22. august.