FHI anbefalar no vaksinering uavhengig av tidlegare gjennomgått koronainfeksjon. Tidlegare var det tilrådd ny oppfriskingsdose først tre månader etter gjennomgått infeksjon. Endringa kjem av at koronavaksinering no er avgrensa til dei med høgast risiko for alvorleg sjukdom, og færre testar seg. Det er difor ein risiko for at personar i målgruppene feilaktig trur at dei har hatt covid-19 og vel å utsetje vaksinering. FHI ønskjer å unngå at dei med høgast risiko for alvorleg covid-19 går ubeskytta gjennom haust- og vintersesongen.
For meir utdjupande informasjon sjå FHI sine sider her.
Influensa- og koronavaksinering er anbefalt årleg til risikogrupper.
Risikogrupper
• Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
• Alle frå fylte 65 år
• Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko.
• Prematurt fødde born, særleg born fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
• Born og vaksne med kronisk lungesjukdom inkl. astma, hjarte/kar sjukdom, nyresvikt/ leversvikt, kronisk nevrologisk sjukdom/skade, diabetes, annan alvorleg/ kronisk sjukdom, nedsett immunforsvar (samt deira pårørande ), alvorleg fedme (BMI over 40)
Sjå utdjupande informasjon om vaksineanbefalingar influensasesongen 2024-2025
Koronavaksine
Det er også anbefalt ein oppfriskingsdose av koronavaksine for mange av dei same risikogruppene som for influensavaksinen.
Sjå utdjupande informasjon om risikogruppene på FHI sine nettsider
Pneumokokkvaksine (vaksine mot lungebetennelse)
Er anbefalt til same risikogrupper som for influensavaksine. Den er no anbefalt kvart 6. år. Ein kan ta alle tre vaksinene same dag. Dersom ein ikkje ynskjer alle på ein gong, bør det gå ei veke mellom vaksineringane.
Vaksine får de på Helsetunet i Vik
Onsdag 13. nov kl. 12.40 - 14.30
De treng ikkje bestille time på førehand! Meld Dykk i resepsjonen når de kjem.
Dersom du likevel ynskjer å reservere time på førehand kan du tinge time på helsenorge.no . Logg deg inn – velg bestill time – velg ditt fastlegekontor – velg vaksine – velg dag og tid.
Evt. kan de ringe oss på 576 98 700.
Influensavaksine: 280 kr
Koronavaksine: gratis
Pneumokokkvaksine: 500 kr
Kommuneoverlege
Thuy-Anh Le Nes