Influensa- og koronavaksinering hausten 2024

Influensa- og koronavaksinering er anbefalt årleg til risikogrupper.

Risikogrupper:

•    Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
•    Alle frå fylte 65 år
•    Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko. 
•    Prematurt fødde born, særleg born fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
•    Born og vaksne med kronisk lungesjukdom inkl. astma, hjarte/kar sjukdom, nyresvikt/ leversvikt, kronisk nevrologisk sjukdom/skade, diabetes, annan alvorleg/ kronisk sjukdom, nedsett immunforsvar (samt deira pårørande ), alvorleg fedme (BMI over 40) 

Sjå utdjupande informasjon om vaksineanbefalingar influensasesongen 2024-2025

Koronavaksine

Det er også anbefalt ein oppfriskingsdose av koronavaksine for mange av dei same risikogruppene som for influensavaksinen. FHI anbefaler at det går seks månader mellom vaksinedosane, og tre månader etter gjennomgått koronainfeksjon.

Sjå utdjupande informasjon om risikogruppene på FHI sine nettsider

Pneumokokkvaksine (vaksine mot lungebetennelse) 

Er anbefalt til same risikogrupper som for influensavaksine. Den er no anbefalt kvart 6. år. Ein kan ta alle tre vaksinene same dag. Dersom ein ikkje ynskjer alle på ein gong, bør det gå ei veke mellom vaksineringane. 

Vaksine får de på Helsetunet i Vik

Tysdag 22.okt kl 08.30- 14.30
Fredag 25.okt kl 08.30- 14.30
Onsdag 30. okt kl 08.30- 14.30
Onsdag 13.nov  kl 12.40- 14.30

De treng ikkje bestille time på førehand! Meld Dykk i resepsjonen når de kjem.
Dersom du likevel ynskjer å reservere time på førehand kan du tinge time på helsenorge.no . Logg deg inn – velg bestill time – velg ditt fastlegekontor – velg vaksine – velg dag og tid. 
Evt. kan de ringe oss på 576 98 700.

Influensavaksine: 280 kr
Koronavaksine: gratis
Pneumokokkvaksine: 500 kr

Kommuneoverlege
Thuy-Anh Le Nes