Høyring - ny kommunal planstrategi og planprogram for ny samfunnsdel til kommuneplan

Høyring og offentleg ettersyn kommunal planstrategi 2024-2027 og planprogram for ny samfunnsdel til kommuneplanen 2025-2036.
 

Jamfør plan-og bygningslova (pbl) § 10-1 skal kommunestyret seinast eitt år etter konstituering utarbeide og vedta ein ny kommunal planstrategi. Arbeidet med planstrategien kan slåast saman med oppstart av arbeidet med revisjon av kommuneplanen. Dette er med medhald i kommunestyret sitt vedtak av 21.3.2024 gjort i dokumentet «Oppstart av arbeid med samfunnsdelen til kommuneplanen», som utgjer kommunal planstrategi for 2024-2027 jf. § 10-1 i pbl, og planprogram for samfunnsdelen 2025-2036 jf. §§ 11-13 og 4-1 i pbl.

Utkast for ny kommunal planstrategi 2024-2027 og planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen blir med dette sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Høyringsdokument

Planprogrammet og planstrategien har fleire, delvis omfattande vedlegg, som av tekniske grunnar ikkje blir sendt ut digitalt.

Ved denne artikkelen ligg hovuddokumentet «Oppstart av arbeid med samfunnsdelen til kommuneplanen», i tillegg til kommunestyret sitt høyringsvedtak. Dessutan ligg det ved ei endring i dokumentet som ved ein feil ikkje kom med i vedtaket og såleis ikkje er innarbeid i planstrategien ennå. Denne gjeld revisjon av den interkommunale kommunedelplanen for Fjellheimen villreinområde.

Alle høyringsdokument er tilgjengelege på kommunen sine nettsider på denne lekja. Dokumenta er også tilgjengelege på papir i resepsjonen på kommunehuset. 

Følg denne lenkja og gi innspel på kommunen si heimeside under «offentlege høyringar». 

Innspel på e-post sendast til postmottak@vik.kommune.no. Bruk saksnummeret 24/3251 som referanse. Innspel kan også sendast i posten til Vik kommune, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn. Bruk saksnummeret 24/3251 som referanse.

Fristen for å komme med innspel er satt til 16.11.2024.

Vedlegg

  1. Høyringsutkast oppstart av arbeid med samfunnsdelen til kommuneplanen (PDF, 933 kB)
  2. Tillegg til høyringsutkast for ny planstrategi 2024-2027 (PDF, 227 kB)
  3. Melding om vedtak i kommunestyret (PDF, 252 kB)