Helsenorge som nettbasert teneste

Frå 11.09.2024 kl. 12.30 vil Vik legekontor bruke Helsenorge som nettbasert teneste.

Dette vil erstatte «besoklegen.no».
Tenestene som kan nyttast vil i stor grad vere dei same som før.
 

Ved å logge inn på helsenorge kan du:

•    Tinga time
•    Fornya reseptar
•    Starta e-konsultasjon med fastlegen din
•    Kontakta resepsjonen på legekontoret

Endringar i høve tidlegare er at det vil bli sendt ut SMS (tidligare e-post) varsel når legen sender elektronisk henvending. 

Dersom du er pårørande kan du finne nyttig informasjon her.

Når tjenesta er i drift vil pasientar med fastlege ved Vik legekontor få SMS med meir informasjon. Det kan forventast noko nedetid fram til kl. 15.00 onsdag 11.09.2024.