Harepest

Det er mistanke om Harepest i området sør i Bødalen, etter funn og observasjonar av fleire daude harar.

Vi har henta inn prøvar som er sendt til Veterinærinstituttet for analyse, og me forventar svar på desse prøvane i løpet av veke 15 eller 16.

Harepest (tularemi) er ein bakteriesjukdom som kan smitte frå ville dyr til menneskje. Typiske smittekjelder er ureinska overflatevatn eller direkte kontakt med sjuke eller daude dyr.

Generelle råd er:
•    Unngå å drikke ureinska overflate vatn
•    Unngå nærkontakt med daude dyr

For meir informasjon, sjå heimesida til Veterinærinstituttet.

Vik kommune oppmodar spesielt dei som eventuelt har private brønnar til å være merksame, og at dykk føl dei råda om sikring av vasskjelde som ligg på heimesida til Veterinærinstituttet.

Vi må understreke at våre reinseanlegg er bygd og dimensjonert for å fjerne denne typen bakteriar, og jamlege vassprøver blir sendt til analyse for å dokumentera dette.

Ved observasjon av daude eller heilt klart sjuke harar – treng du ikkje ta kontakt med oss direkte, men vi set pris på om du fyller ut eige skjema på vår heimeside. Dette vil gje oss og andre myndigheiter ein betre oversikt over omfanget.

Rapporteringsskjema for daude eller sjuke dyr.