Forvaltning av hjort i Vik kommune 2022 – 2024

Styret i Vik bestandsplanområde har utarbeidd Bestandsplan for Vik hjorteviltområde 2022 – 2024 (PDF, 9 MB)

Planen vart godkjent i formannskapet 09.06.22

Den byggjer vidare på bestandsplanane for Vik hjorteviltområde 2016-2018 og 2019-2022. Måloppnåinga i dei to fyrste planperiodane (2 x 3 år) var svært god.

Vald tilsvarande 90,7% av alt teljande areal i kommunen er tilslutta bestandsplanen. Hovudmålet er å redusere stamma noko og så stabilisere den. Ein ynskjer eit uttak av 60 % kalv- og ungdyr samt ei lik fordeling mellom kjønna. Det vert gjeve fellingsløyve på totalt 1597 hjort over dei tre åra. Med ein forventa fellingsprosent på 85 vil vert det teke sikte på ei årleg avskyting på 452,3 dyr i snitt og totalt 1357 dyr i heile perioden.
Det er svært positivt at jaktrettshavarane får/tek ansvar for forvaltning av hjorteviltbestanden gjennom omfattande plansamarbeidet som er godt forankra lokalt.
Bestandsplan er eit godt grunnlag for få til ei hjorteforvaltning med lite konfliktar samt vedvarande god produksjon og avkastning.