Eigenberedskap og nødkommunikasjon

Alle innbyggjarane i Noreg er ein del av Noreg sin samla beredskap. Les korleis du kan førebu deg på å gjere din del av jobben.

Brosjyre i posten

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober. I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ein brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser.

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere.

Me oppfordrar alle til å lese brosjyren og styrke sin eigenberedskap!

 

Om eigenberedskapsråda

Eigenberedskapsråda som blir presentere i brosjyren, blei oppdaterte i 2024. Dei blei lansert på sikkerhverdag.no i mai.

Hensikta med råda er at du skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.

Bakgrunnen for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrafter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si  avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.

Det er viktig at du set deg inn i kva du bør ha på lager heime. I brosjyren frå DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) finn du detaljar om dette (PDF, 16 MB).  

 

Atomberedskap

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har lenge tilrådd at alle under 40 år alltid lagrar jodtablettar heime. Årsaka til dette er mellom anna at det blir frakta atomavfall i båtar langs Norskekysten. Du kan også lesa meir informasjon på heimesida til Statsforvaltaren i Vestland.

Kommunen har også eit eige avgrensa lager med jodtabelettar som vil bli delt ut i bestemte situasjonar.

 

Kva kan du gjera sjølv

Les informasjonsbrosjyren frå DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) som kjem til din postkasse i eigenberdskapsveka 2024, og følg tipsa i denne. Brosjyren inneheld nyttige tips om kva du bør ha på lager heime for å vera budd på ei stor hending eller ein krise. Du kan og lasta ned brosjyren her:

 

Korleis tilkalla hjelp ved bortfall av elektronisk kommunikasjon

  • Dersom du ikkje får kontakt med legekontoret i kommunen, møt fram på Vik legekontor. Legekontoret vil vera bemanna med medisinsk personell under ekstreme hendingar.
  • Rådhuset vil og vera bemanna i slike situasjonar, med informasjonssenter og kriseleiing.
  • Kommunen vil publisera informasjon i form av oppslag på butikkar, skular og samfunnshus i alle grendalag så langt som praktiske mogeleg.
  • I kvart grendelag er det plassert ut satellitt-telefonar og/eller nødnettradioar, og du kan oppsøkje operatørane av desse for å prøve kommunikasjon via satellitt-telefon eller naudnett. For oversyn over operatørar, sjå tabell nedanfor.
  • Lytt på DAB-radio, NRK P1. Her vil generell informasjon bli gitt. Ha DAB-radio med batteri tilgjengeleg, eller bruk DAB-radioen i bilen din.

     

Operatørar for nødkommunikasjon i grendelaga

Operatørar for nødkommunikasjon i grendelaga
Grendalag Operatør Adresse
Fresvik Ingvar Vangsnes Storevegen 9
Feios Julie Kristin Ness Åfetvegen 3
Feios Espen Holen Indre Borlaug 55
Feios Thomas Hjortland Haugavegen 30
Vangsnes Geir Svendsen Bygdavegen 145
Vik Ole Petter Ramberg Følisvegen 1
Arnafjord/Framfjorden Veronika Seim Bech Dalavegen 30
Arnafjord/Nese Ann Cecilie Rinde Fjordavegen 2526

Nød og vakttelefonar

Nød- og vakttelefonar
Informasjon Kontaktopplysningar
Øyeblikkeleg medisinsk hjelp 113
Politi 112
Barnevernvakta (utanom opningstid) 40 02 29 88
Brann 110
Krisesenteret i Sogn og Fjordane (døgnvakt) 57 74 36 00
Legevakt 116117
Vik legekontor, kontortid 57 69 87 00
Vik kommune, døgnopen teknisk vakt (melding om feil på kommunal infrastruktur; vatn, avløp, brøyting og vegar) 41 59 44 43
Veterinærvakta i Vik og Balestrand 57 69 53 03
Påkøyrd eller skada vilt Perioden 1. september - 1. mai, Vik sporhundlag: 97 59 72 15. Resten av året: 90 91 07 09 eller 41 59 44 43
NAV - nødnummer 90 57 38 33