Appen ser litt anleis ut, men har alle dei same funksjonane som du kjenner frå BookBites. Du skal ha fått ei melding i BookBites som seier at du no kan laste ned Biblio-appen. Begge appene fungerer side om side ein periode, slik at alle får god tid til å laste ned Biblio.
Biblio einingar
Svar på spørsmål du måtte lure på:
Skal eg slette BookBites-brukaren før eg lastar ned og loggar inn i Biblio?
Nei, du skal ikkje slette BookBites-brukaren din før du lastar ned og loggar inn i Biblio. I BookBites kan du finne brukarnamnet ditt som du skal bruke når du loggar inn i Biblio. Når du loggar inn i Biblio, blir alle brukaropplysningar overført frå BookBites. Deretter kan du slette BookBites-brukaren din.
Må eg lage ny brukar?
Nei, dersom du allereie har ein brukar i BookBites, loggar du inn med same brukarnamn og passord i Biblio.
Kvar finn eg brukarnamnet og passordet mitt?
Brukarnamnet ditt er e-postadressa du oppretta brukaren med. Du finn brukarnamnet ditt under brukaren din i BookBites (Innstillingar → Personleg informasjon). Be eventuelt om nytt passord ved innlogging i Biblio. Hugs å sjekke søppelposten dersom du ikkje finn lenkja for å nullstille passordet!
Kvifor får eg ikkje opna bøker utan WiFi?
Sjekk om du har valt å laste ned berre på WiFi under Innstillingar → Preferansar.
Vil eg miste låna mine?
Nei, alt du har i BookBites no, finn du igjen i Biblio.
Vil eg miste reservasjonane, ønskjelista og oversikta over lese bøker?
Nei, alt du har i BookBites no, finn du igjen i Biblio.
Mistar eg streaks og lesestatistikken min?
Nei, alt du har i BookBites no, finn du igjen i Biblio.
Du kan lesa meir på biblio si nettside.