Arealdel til kommuneplan for Vik kommune 2024-2035 er vedteken

Kommunestyret vedtok revidert arealdel til kommuneplan for Vik kommune i møtet 04.11.24, sak 108/24. 

Vedtaket er gjort med heimel i § 11-15 i plan- og bygningslova og kan ikkje påklagast. Alle plandokument samt møtebok med saksutgreiing er tilgjengelege i kommunen sitt digitale planregister på arealplaner.no. Høyringsinstansar, alle som har sendt høyringsinnspel og grunneigarar som er berørte av større arealformålsendringar etter høyring, blir informerte med brev.

Vik Kommune takkar for innspel og engasjement frå innbyggjarar og høyringsinstansar.