Du må søke om graveløyve for arbeid som inneber graving, legging, flytting, reparasjon og fjerning av kablar og leidningar over, under og langs kommunal veg.
Søknad om graveløyve
Graving i kommunalveg/grunn - eigenkontroll for istandsetjing
Arbeidsvarslingplan (XLSX, 212 kB)
Graving på eigen eller andre sin eigedom
Dersom du skal grave på eigedomen din eller på andre sitt areal må du skaffe deg oversikt over kva leidningar som ligg i grunnen. Dette gjeld vassleidningar, kloakkleidningar, straum og telekablar.
Før gravemelding blir sendt til kommunen må du kontakte Geomatikk for å få oversikt over straum, TV og telekablar (kommunikasjonskablar). Tilbakemeldinga frå Geomatikk skal alltid leggast ved når du søker om gravemelding hjå kommunen. Bruk kommunen sitt gravemeldingsskjema.
Gravemelding for påvising av kommunal VA-leidning
Du får svar frå kommunen når søknadane er ferdig handsama. Når du er ferdig med gravinga skal vegen eller graveområdet settast i stand att, slik at kommunen ikkje blir påført utgifter.
Graving i europa-,riks- og fylkesveg
Skal du grave på fylkes- og riksveg leverer du søknaden til Statens vegvesen.
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon finn du på denne lenka