Kommunane i indre- og midtre Sogn har fått ny vass- og avløpsnorm.
Norma er ei innstramming på krava knytt til planlegging, prosjektering og utføring av VA-anlegg som skal overtakast av kommunen, og har særbestemmelsar knytt til utforming av særskilte anlegg som avløpspumpestasjonar. Alle som skal utføre arbeid på vass- og avløpsanlegg for kommunen, eller på anlegg som skal overtakast på kommunen, pliktar å sette seg inn i desse reglane.
Den nye norma er utarbeidd i eit fellesprosjekt mellom kommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal, administrert av Driftsassistansen Vest, og gjeld for alle dei sju kommunane.
Aktuelle lenker og dokument
- Kommunalteknisk VA-norm for kommunane (PDF, 2 MB)
- VA- planprofil (PDF, 159 kB)
- Normtegning - grøftesnitt 1 (PDF, 108 kB)
- Normtegning - grøftesnitt 2 (PDF, 108 kB)
- Stikkleidningar - vatn (PDF, 88 kB)
- Tilknyting avløp (PDF, 73 kB)
- Grøftestengsel leire (PDF, 27 kB)
- Grøftestengsel betong (PDF, 83 kB)
- Isolert kum (PDF, 61 kB)
- Brannhydrant (PDF, 98 kB)
- Steinfangskum (PDF, 32 kB)
- Prinsippskisser sandfang (PDF, 35 kB)
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon finn du på denne lenka
Publisert 04.02.2025 09:18
Sist endra 04.02.2025 09:46