Rustenesta

Rustenesta er ein del av dei sosiale tenestene i Vik kommune. Målet er å gi bistand tilpassa den enkelte brukar sitt behov

Kven kan få tenesta?

Tenesta blir gitt til vaksne over 18 år.

Kva kan me tilby?

Rusarbeidet omfattar mellom anna å gi råd og rettleiing til personar som har eit rusproblem, avhengigheit eller står i fare for å utvikle eit slikt problem. I tillegg til råd og rettleiing kan rustenesta bidra med å setja i verk hjelpetiltak som kan auke moglegheita for å kome seg vekk frå misbruket.

Rustenesta kan blant anna:

  • hjelpe deg å kartlegge rusproblemet
  • gi hjelp til rusmeistring gjennom samtalar og rettleiing
  • gi hjelp til meistring av gjeremål i dagleglivet
  • bidra til auka livskvalitet i kvardagen
  • delta i samarbeid med andre offentleg tenester
  • tilvise til behandling i spesialisthelsetenesta, med oppfølging før,under og etter behandling
  • tilby støttekontakt

Les om brukarutstyr for injeksjon her. 

 

 

Er du pårørande?

Tenesta kan også gi råd og rettleiing til pårørande til personar med rusproblematikk.

Aktuelle lenker og dokument

Lov om helse-og omsorgstenester §3-1 første ledd, § 3-2 første ledd nr.4-6

Lov om pasient- og brukarrettar § 2-1a