Kommunale utleigebustadar
Ein kommunal bustad er for deg som har problem med å skaffa deg bustad på den private bustadmarknaden.
Meir om tenesta
Kommunal bustad er eit mellombels tilbod. Du kan bruke tida du leige bustad til å planleggje korleis du vil bu i framtida.
Kven kan få tenesta?
Alle som meiner dei har behov for kommunal bustad kan søkja om dette. Den som blir vurdert å ha det største behovet vil få tilbod når ein bustad blir ledig. Du må vere utan eigna bustad og ikkje i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med annan offentleg hjelp.
Ved vurdering av søknaden legg me vekt på:
- søkjar må vere over 18 år, og ha vore folkeregistrert i Vik kommune i minimum to år (gjeld ikkje flyktningar).
- noverande busituasjon
- sosiale forhold
- økonomi
- helsesituasjon
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Søknader vert behandla fortløpande.
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon finn du på denne lenka
Aktuelle lenker og dokument
Forvaltningslova
Sosialtenestelova
Klage på kommunal teneste
Publisert 10.11.2021 13:21
Sist endra 02.12.2021 21:18