Skuletilknyting / byte av skule

Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen som dei høyrer til. Du kan søkje om å få barnet ditt inn ved ein annan skule. Det er opp til kommunen å avgjere dette. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor ein skal møte og til kva tidspunkt.

Meir om tenesta

Kva skule eleven høyrer til, avgjer kommunen etter ei konkret vurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men ho skal også ta omsyn til om for eksempel sysken er plasserte på den same skulen, kapasiteten på skulen og om skulevegen er farleg.

Retningslinjer for skulebyte i Vik kommune (PDF, 465 kB)

Sjå opplæringslova § 8-1 Skolen

Kven kan få tenesta?

Føresette med born i skulepliktig alder.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Søk om byte av skule på skjema under:

Skule - Melding om skulebyte ved flytting

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Du kan klage både på vedtak om kva skule eleven høyrer til, og på vedtak om skulebytte til annan skule. Klagefristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Aktuelle lenker og dokument

Forvaltningsloven

Opplæringslova

Retningslinjer for skulebyte i Vik kommune (PDF, 465 kB)

Sjå opplæringslova § 8-1 Skolen