Leksehjelp

Kommunen pliktar å ha eit tilbod om gratis leksehjelp i grunnskulen. Kommunen kan fordele leksehjelpa fritt på 1.–10. årstrinn. Leksehjelpa skal gje elevane hjelp med skulearbeidet, og reknast ikkje som ein del av opplæringa, men skal sjåast i samanheng med den.

Meir om tenesta

Det er frivillig om ein vil delta. Kommunen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som blir gjeve. Kommunen skal sørgje for at elevane i leksehjelpa har eit forsvarleg tilsyn og at det psykososiale miljøet er godt. Føremålet med leksehjelpa er å gje elevane støtte i læringsarbeidet, kjensle av meistring, gode rammer for sjølvstendig arbeid og bidra til å jamne ut sosiale skilnader.

Kriterium/vilkår

  • Det skal bli tilbydd minimum åtte timar leksehjelp per veke til elevar i grunnskulen
  • Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna 1–10, slik kommunen avgjer
  • Det er ikkje noko krav om at leksehjelparane skal ha pedagogisk kompetanse
  • Krav om politiattest gjeld òg for tilsette i leksehjelpa
  • Elevgruppa skal ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg


Korleis kan du søkje på tenesta?

Bruk skjem under for å søkje om leksehjelp:

Skule - Leksehjelp - innmelding/endring/oppseiing


Kva kostar det?

Tenesta er gratis.


Korleis kan du klage på vedtaket?

Elevar og foreldre kan be om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Kommunen skal behandle saka så snart som mogeleg. Dersom vedtak ikkje er gjort innan rimeleg tid, kan du likevel klage som om det er gjort vedtak.

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Kontaktinformasjon til skulane finn du på denne lenka.

Aktuelle lenker og dokument

Opplæringslova