Elevar - det fysiske arbeidsmiljøetLytt til tekstenStopp avspillingSkulen har ei aktiv plikt til å passe på at skulen har eit godt miljø, både fysisk og sosialt. Skulebygget og uteplassen skal tilpassast alle elevar, òg dei med funksjonsnedsetjing. Meir om tenesta Elevar og foreldre kan snakke med skulen og be dei rette opp ting som ikkje fungerer bra nok. Skulen skal ta stilling til oppfordringa så fort som mogleg og skal lage eit skriftleg vedtak om saka. Elevane skal få ta del i planlegginga og i arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal informere elevar og foreldre om rettane deira og om pliktene til skulen. Kven kan få tenesta? Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelp Føresette Sakshandsaming Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. Korleis kan du klage på vedtaket? Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til skulen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Gjer ikkje skulen noko vedtak etter å ha fått tid til å vurdere saka, kan du likevel klage som om vedtaket var gjort. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Lèt skulen avgjerda stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje. Kontaktinformasjon Administrasjonen Informasjon Kontaktopplysningar Telefon 57 69 82 00 Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Organisasjonsnummer 937498764 EHF faktura 0192:937498764 E-post postmottak@vik.kommune.no eDialog Sikker elektronisk post til kommunen Kontaktinformasjon til skulane i Vik kommune finn du på denne lenka. Aktuelle lenker og dokument Handlingsplan for godt skulemiljø Friskolelova § 2-4 Krav til skoleanlegg og skolemiljø Opplæringslova Kapittel 9A Publisert 12.11.2021 13:43 Sist endra 25.10.2024 15:08