Den kulturelle skulesekken

Som skuleelev får du tilgang til gode kulturopplevingar gjennom den kulturelle skulesekken. Tilbodet skal vere profesjonelt og breidt og dekkjer mellom anna musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst, film og kulturarv. Målet er at alle elevane skal bli kjende med og utvikle forståing for ulike kunst- og kulturuttrykk. Dette er òg i tråd med måla i dei ulike læreplanane for skulen.

Meir om tenesta

Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet legg dei overordna føringane. Tiltaket blir i hovudsak finansiert av spelemidlar. I tillegg bidreg fylkeskommunen, kommunen og kulturinstitusjonar. Fylkeskommunen forvaltar midlane til regionale og lokale tiltak.

Kven kan få tenesta?

Den kulturelle skulesekken gjeld elevar både i grunnskulen og den vidaregåande skulen - uavhengig av bakgrunn og kva for skule du går på.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kontaktinformasjon

Skulane i Vik kommune

Aktuelle lenker og dokument

Den kulturelle skulesekken - heimeside

Kulturtanken