Dei kommunale tomtene på Tenål i Vik har vore klargjort sidan 2020, og vart annonsert for sal same år. Det er framleis ledige tomter!
Alle tomtene har vass- og kloakk leidning, trekkjerøyr for fiber, straum og veg fram til tomtegrensa. Kommunestyret vedtok i sak 51/17 pris for tomtene. Salsprisen for dei sjølveigde tomtene vart sett til kr 700.000. Prisen vert indeksregulert kvart år med verknad frå 01.01. Tomtekjøparar under 35 år får ein ungdomsrabatt på kr 100.000,-.
Dokumentavgift (2,5% av kjøpesum), oppmålingsgebyr, tinglysingsgebyr samt tilkopling til vatn og kloakk kjem i tillegg til tomteprisen. Prisane skal indeksregulerast årleg med verknad frå 01.01.
Vilkår:
Betaling av kjøpesummen skal skje ved tildeling av skøyte.
Det vert stilt krav om byggestart seinast eit år etter tildeling av skøyte
Kontaktinformasjon:
På lenkja nedanfor kan du få opp reguleringsplan for Tenold. Ver merksam på at det går litt tid før du får opp visninga.
Lenkje til reguleringsplanen for området
Publisert 22.11.2021 09:50
Sist endra 25.10.2024 15:08