Revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sitt overordna styringsdokument og skal leggje føringar for alt anna planarbeid. 

Samfunnsdelen er verktøyet for heilskapleg planlegging, og skal leggje til rette for samarbeid og heilskapleg utvikling av kommunesamfunnet. Den skal synleggjere dei strategiske vala for samfunnsutviklinga i kommunen, og vise korleis kommunen arbeider med overordna omsyn som t. d. folkehelse, barn og unge, klima og miljø, integrering og næringsinteresser. Samfunnsdelen tek føre seg både kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon. Planen er såleis også sentral for å samordne kommunen si eiga verksemd, og kan legge grunnlag for samarbeid på tvers av sektorar i kommunen.

Den 21.3.2024 vedtok kommunestyret å starte opp med revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel (sak 025/24). Det er stilt saman eit kunnskapsgrunnlag for planprosessen.

Planprogram

Det er blitt utarbeidd forslag til planprogram for den nye samfunnsdelen. Eit planprogram er ein «plan for planen». Planprogrammet gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen og opplegg for medverknad. I tillegg skal planprogrammet nemne konkrete tema planen skal vurdere samt ev. behov for utgreiingar og anna kunnskapsgrunnlag. Planprogrammet skal handsamast i kommunestyret i slutten av september.

Planprogrammet for ny samfunnsdel til kommuneplan 2025-2036 er no lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Planprogrammet er samanslått med utkast for ny kommunal planstrategi 2024-2027. Fristen for innspel er 16.11.2024.

Du kan gje høyringsinnspel her

Høyringsdokument:

Vedlegg: