Eigar av taksert bygning har plikt til å klage dersom han oppdagar feil i takstgrunnlaget for eigedomskatt. Eigar er den siste kontrollinstansen som sikrar rett takstgrunnlag.
Liste over eigedomsskatt vert utlagt til offentleg gjennomsyn i februar/mars kvart år. Det er mogeleg å klage på grunnlaget for taksten om du meiner denne er feil.
Forklar skriftleg kva som du meiner er feil i faktagrunnlaget i oversending til Vik kommune.
Dersom eigar ikkje får medhald i klaga, kan saka gå til behandling i ei klagenemnd. Den nye taksten kan då bli justert opp eller ned enn den taksten ein hadde i utgangspunktet.
I påvente av svar på klagen, må du betale den utsende fakturaen. Blir klagen teken til følge, vil du få tilbakebetalt det som er for mykje betalt.
Grunnlag for takst er utrekna utifrå eit antal kvadratmeter for den aktuelle etasjen, som vidare vert ganga med dei ulike faktorane for eigedomskatten.
Det er klagerett på taksten dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan 6 veker etter utlegging. Det er annonsert utlegging av skattelistene på heimesidene til Vik kommune i tidsrommet februar/mars kvart år.
Klage kan sendast:
Vik kommune
eigedomskattekontoret
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Publisert 05.11.2021 14:16
Sist endra 21.12.2021 13:22