Sjekkpunkt ved bygging og andre tiltak på eigedomen:
Tiltak som bygging, riving og endring av bygg må vere i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter og andre bestemmelsar. Eit av sjekkpunkta før ein set i gang med eit "tiltak" er å finne svar på kva for planar er det eigentleg som gjeld for min eigedom?
Sjekk artikkel - kva plan gjeld for meg?
Bygge/endre/rive?
Dersom du ynskjer å rive eit bygg gjeld dei same reglane som for oppføring av bygg. I tillegg må det lagast ein avfallsplan og ei miljøsanerings-skildring dersom tiltaket overstig 100 m2.
Sjå eigen artikkel om avfall i byggeprosessen.
Nokre tiltak kan du søke kommunen om sjølv, andre tiltak treng du hjelp av fagfolk for å søkje om. Enkelte tiltak er unnateke søknadsplikt.
Skal du bygge sjølv, har du ansvar for at du held deg til dei lover og forskrifter som gjeld for tiltaket. I tillegg må du fylgja dei reglane som gjeld innafor det som ein eventuell reguleringsplan har lagt opp til for området ditt. Gjeldande kommuneplan er og eit styringsverktøy i slike saker.
I lenkja her finn du ut korleis du går fram for å søke om eit tiltak - og kva for dokumentasjon som skal vera med i søknaden.
Du må alltid bruke fagpersonar i heile søknads- og byggeprosessen om du skal:
- bygge ein garasje, bod eller annan bygning over 70 kvadratmeter.
- bygge eit tillbygg på huset ditt som er meir enn 50 kvadratmeter.
- bygge eit påbygg, som t.d å etablere ein takterrasse.
- dele opp bustadhuset ditt i fleire bustadeiningar.
Fagpersonar skal:
- senda inn søknad for deg
- planlegge prosjektet
- utføre bygginga.
Sjå kommunen sin artikkel byggesøknad for fagfolk i lenkja her
Pass på:
- At alle byggtekniske krav blir følgde. Døme er brann- og avstandsreglar i tillegg til krav om dagslys, energi og inneklima.
- Tilpassing til kommunale planar, mellom anna reglar for plassering, utforming og storleik.
Sjølv om det er du som står ansvarleg, er det mogeleg å bruke fagpersonar i heile eller deler av søknads/-byggeprosessen.
Det tek tid å samle dokument for å få sendt inn søknaden. Set av minst 14 dagar til nabovarsling. I tillegg må det påreknast tid til sakshandsaming i kommunen.
Ver òg merksam på kommunen sine gebyr for å behandle både bygge-rivings/-dispensasjons-søknader.
Informasjon om dispensasjons søknader finn du i denne lenkja
Byggesaksgebyr oppsett i eige menypunkt finn du under denne lenkja.
Ofte stilte spm om bygg/endre/rive
Når du skal søke om byggeløyve må du sende med teikningar og situasjonskart. Det er viktig at kommunen får teikning av dei planlagde tiltaka og at dei er utforma slik at det er enkelt å sjå kva som vert søkt om.
Arbeid med pipe og eldstad - opplisting av "ikkje søknadspliktige tiltak":
- Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterande bygning innafor ei branncelle eller bueining.
- Reinnstallering, oppføring av brannmur, innmuring av pipestuss, friluftstilførsel, fundamentering av peis og arbeid som er nødvendig for å innstallere eldstaden
- Reparasjon av pipe så lenge pipa ikkje vert endra.
- Frittliggjande utepeis som er plassert minst 4 meter frå nabogrense, og som ikkje er til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnadene.
Dersom du vil gjere fritidsbustad om til heilårsbustad må du søka om bruksendring. Når heile eller delar av ein bygning er teke i bruk til eller tilpassa for noko anna enn det opphaveleg er bygd og godkjent for, må du søke om bruksendring.
Slik bruksendring er eit søknadspliktig tiltak med krav om ansvarsrett. Det må då vere fagfolk som står for søknad, prosjektering og utføring.
Bruksendringa blir vurdert opp mot gjeldande krav i plan- og bygningslova. Bygningen må i utgangspunktet oppfylle alle krav og vilkår som gjeld for den nye bruken.
Bruken må vere i samsvar med gjeldande arealplan. Er den nye bruken i strid med føremålet til planen, må du søke om dispensasjon.
For meir informasjon sjå bruksendring.
Døme på gjerde plankegjerde, stakittgjerde, flettverksgjerde, smijernsrekkverk eller andre typar rekkverk med ein enkel, åpen konstruksjon. Open konstruksjon er ein konstruksjon som gåande og køyrande lett kan sjå gjennom, uavhengig av synsvinkel.
Levegg er ein tett skjerm som begrensar innsyn og støy, og gir ly for vind. Levegg kan vera frittståande eller samanbygd med eit bygg. Støyskjerm er ein tett skjerm som begrensar innsyn og støy og gir ly for vind. Støyskjermen er ofte noko lenger enn ein levegg og har lyddempande materialar.
Vilkåra her må vere tilstades:
- Gjerde er ope og luftig til nabogrensa, og maks 1,5 meter
- Levegg som er inntil 1,8 meter høg og inntil 10 meter lang; denne må plasserast minst 1 meter frå nabogrensa, og med akseptabel avstand til offentleg veg.
- Levegg som er inntil 1,8 meter høg og inntil 5 meter lang. Kan plasserast med akseptabel avstand frå offentleg veg.
I enkelte høve er det nødvendig å sende inn søknad òg for desse tiltaka. I artikkelen her finn du opplisting av vilkår som gjer tiltaket søknadspliktig.
Ein grei regel er å kontakte kommunen, dersom du er i tvil om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje.
Søknadskjema - søk om tiltak
Heimel:
Plan og bygningslova (PBL) LOV-2008-06-27-71
Byggesaksforskrifta SAK 10 FOR-2010-03-26-488
Forvaltningslova LOV-1967-02-10
Kontaktinformasjon:
Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja