Seks av kommunane i Sogn regionråd har utvikla ein felles kartportal under namnet Sognekart. Brukaren får her tilgang til grunnkart, flyfoto, reguleringsplanar m.m.
Her kan ein søke fram adresser,stad eller eigedom i dei aktuelle kommunane; Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal
Her er oversikt over kartinformasjon som du finn under nettsida "Sognekart" med tilgang til teiknforklaring :
- Grunnkart (eigedomar, adresse, bygningar og tiltak)
- Reguleringsplanar
- Kommuneplan
- Temakart
- Flybilete (ortofoto)
Ein kan måle eller teikne i kart. Det er tilgang til ruteplanleggjar og terrengprofil. Ein kan dele kartutsnitt via facebook, twitter, e-post eller URL. Det er tilgjengeleg utskriftsfunksjonalitet i A4, A3 eller A2 format. I tillegg er det mogeleg med visning i 3D-kart.
I kartportalen har ein tilgang til planregister på web.
Det finst òg app for mobiltelefon med namn kommunekart.
Vel Sognekart på lenkja her: https://kommunekart.com/klient/sognekart/sognekart
Her finn du kart frå NVE som viser område der det kan vera rasfare
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja
Publisert 22.11.2021 12:23
Sist endra 04.10.2022 13:43