Førstegongsseksjonering er å dele opp ein eller fleire bygningar i eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningsmassen. Du kan søke om førstegangsseksjonering sjølv, og du treng ikkje fagkunnskap for å søke.
Seksjonering eignar seg for oppdeling av bustadblokk, horisontaldelte to- og firemannsbustader, næringsbygg i fleire etasjar med ulike brukarar av etasjane og liknande.
Ein eigarseksjon består seg av ein sameiedel i eigedomen (alt som er felles) og ein einerett til å bruke ein bestemt del av eigendommen, dvs. brukseinheiten.
Send inn søknad om seksjonering
Rettleiing frå Kommunal-og moderniseringsdepartementet (pdf)
Dokumentasjon til søknad
- Situasjonskart over eigedomen som viser eigedomsgrenser og bygningar på eigedomen. Situasjonskart kan bestillast hjå kommunen via skjemaet kartbestilling.
- Planteikningar over etasjane i bygningen, inkludert kjellar og loft. På teikningane skal bruksenhetens areal og avgrensingar, framlegg til seksjonsnummer og og bruk av dei enkelte rom skal vise tydeleg. Kommunen kan hjelpe til med inndeling i seksjonar.
- Vedtektene til sameiga. Desse skal berre vera med begjæringen, og skal ikkje tinglysast.
- Tinglysingssperre, sjekk ut i oversikt i grunnboka for eigedomen under lenkja "se eiendom"
- Er det fleire eigarar av eigedomen og eigar-delane deira er dei same før og etter seksjoneringa, kan de fordele seksjonane mellom dykk i samband med seksjoneringen.
Søknadskjema for fordeling av sameigeandelar ved seksjonering
Søknad med vedlegg skal sendast:
Postadresse: Vik kommune, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Søknaden skal leverast i to eksemplar, alle i original form då det er eit krav om orgiginal signatur inn til Tinglysinga.
Gebyr for seksjonering:
Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå budsjett 2025 og økonomiplan 2025 -2028 her.
Kontaktinformasjon:
Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja
Publisert 05.11.2021 15:12
Sist endra 23.04.2025 09:55