Feiing og bustadtilsynLytt til tekstenStopp avspillingBrann- og feiarvesenet skal ha tilsyn med fyringsanlegg og utføre feiing. Det er eigar av bygningen sitt ansvar å tilretteleggje for sikker tilkomst til og på taket. (stige må oppsetjast). I tillegg må huseigar syte for at trekken er stengd og at peis/ovnsdørar er stengde.Når kjem feiaren til bustaden eller til hytta?Du blir varsla om besøk av feiaren med SMS varsling til mobil eller til e-post adressa di.Oppsett dato for feiing passar ikkjeFeietenesta prøver å imøtekoma huseigar/eigar av hytta sitt ynskje om å få utført tilsyn/feiing til rett tid.Ta kontakt med Sogn brann og redning sine kontaktpersonar dersom du har spørsmål:Telefon nummer til formann for feiing Morten Dale: 95 21 51 31Leiar førebyggande avdeling - Sogn brann og redning IKS - Torill Anita Segtnan: 47 67 29 72 / 576 52 413Kor ofte skal det feiast?Fyringsanlegg som vert brukt til oppvarming av bygg skal få utført feiing innafor akseptabelt tidsrom/intervall.Feiaren tek omsyn til ymse tilhøve som sotmengde, sottype og t.d. fyringsmønster når vedkommande skal vurdera kor ofte det bør feiast i kvart fyringsanlegg. For tilsyn vil det vera andre tilhøve som vert lagt til grunn.Nokre bustader får difor besøk av feiaren kvart år, medan andre får det sjeldnare.Informasjon om tilsynHer finn du eigen informasjon om tilsyn på hytter/fritidsbustader frå Sogn brann og redning si heimeside (pdf) (PDF, 208 kB)SotDet er viktig at sot vert fjerna snarast råd etter feiing.Fritidsbustader/hytterSidan mange hytter ligg utan tilknyting til veg, og at mange eigarar har lang reiseveg til hytta vert tilsyn og feiing av desse gjennomført samstundes.Kva kostar det?Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027 her.Heimel:Lov om brann og eksplosjonsvern LOV-2021-05-07-34Forskrift om brannforebygging FOR-2020-06-11-1176 Rettleiar til forskrift om brannforebygging dsbKontakt:Lenkje med telefon-nummer Sogn brann og redning Publisert 23.11.2021 11:21 Sist endra 25.04.2024 14:38