Bygge- og aktivitetsforbod langs offentleg veg- dispensasjonLytt til tekstenStopp avspillingDet er eit allment bygge- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggegrenseavstand). Forbodet gjeld bygningar, men òg hekkar, busker, gjerde og anna som hindrar sikt.Meir om tenestaKommunen er vegstyresmakt for kommunale vegar, og behandlar slike saker:dispensasjon frå dei alminnelege byggegrensene i veglovadispensasjon frå byggegrenser som er fastsette i reguleringsplan (berre mindre vesentlege endringar)løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegenløyve til å strekkje leidning over eller langs vegKommunen kan påleggje å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.Kven kan få tenesta?Grunneigarar langs offentleg veg, entreprenørar og byggjebransjeKorleis kan du søkje på tenestene?-Dispensasjon frå dei vanlege byggegrensene i veglova: Her er lenkje med informasjon og søknadskjema for å søkje om dispensasjon frå byggegrensa -Dispensasjon frå byggegrense som er bestemde i reguleringsplan: Her er lenkje med informasjon om å søkje dispensasjon frå reguleringsplan-Løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen. Du kan og søkje her om å få påvist vatn og avl.ledn.:Her er lenkje med informasjon og søknadskjema for å søkje om graving ved kommunal vegHer er lenkje med informasjon om kabelpåvising hjå Sognekraft/SygnirHer er ei lenkje med informasjon om kabelpåvising hjå Geomatikk. Slik kabelpåvising må fylgja med ein søknad om graveløyve. Hugs først å opprette brukar. NB! Ver merksam på at ikkje alle alle kablar i Vik kommune er elektronisk tilgjengelege i kart.SøknadsfristIngen søknadsfristKva kostar det?Les meir om prisar i gebyrlista i dokumentet "Budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027" her. Vilkår for å få tenestaByggegrenseavstanden kan vere fastsett i arealdelen i kommuneplanen eller i reguleringsplanen. Er området ikkje regulert eller planen ikkje har byggegrenser, gjeld føresegnene om avstand i veglova. Dersom søknad om dispensasjon eller løyve òg er fremja i ein byggjesøknad, blir han behandla i byggjesaka. Reglane om avstand frå veg varierer med kva slags innreiing det er snakk om. Det avgjerande er:kravet til fri sikt og andre trafikktryggleiksvurderingarbehovet for å reservere ein romsleg kanal gjennom landskapet til ulike vegformål .På denne lenkja finn du informasjon om arealdelen til kommuneplanenKlage på vedtaket?Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. HeimelForvaltningslovaVeglova §§ 29, 30, 31, 32 og 37.Kontaktinformasjon Administrasjonen Informasjon Kontaktopplysningar Telefon 57 69 82 00 Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Organisasjonsnummer 937498764 EHF faktura 0192:937498764 E-post postmottak@vik.kommune.no eDialog Sikker elektronisk post til kommunen Publisert 21.06.2021 11:12 Sist endra 25.10.2024 15:08