Forsøpling
I forureiningslova § 7 står det at alle har ei generell plikt til å unngå forureining.
"Ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmende eller være til skade eller ulempe for miljøet." § 28.
§ 37 - "Kommunen kan gi pålegg om at den som har etterlatt, tømt eller oppbevart avfall i strid med § 28, skal fjerne det, rydde opp innen en viss frist, eller at han skal dekke rimelige utgifter som noen har hatt til fjerning eller opprydding"
Ureining til vassdrag
Forskrift om organisk gjødsel § 18 seier: «Anlegg for husdyrhold og lagring av husdyrgjødsel/avløpsslam må ikke plasseres på flomutsatte områder eller så nær vassdrag, brønn eller annet vannforsyningssystem at det medfører fare for forurensning.»
Kommunen har ei tilsynsplikt når det gjeld lagring av gjødsel, anna organisk material, kloakk og liknande.
Verknaden av for mykje næringsstofftilførsel i elvane
Ved lekkasjar i gjødsellager eller som resultat av komposteringsprosessar i deponi av organisk material (t.d. rundballar, forrestar, hageavfall), kloakk og liknande kan det renne svært nærstoffrikt sigevatn i vassdrag. Uheldige konsekvensar kan vere auka algevekst, oksygenmangel og produksjon av ammoniak og svovelhydrogen, to gassar som er svært giftige for fisk og andre organismar. I regulerte vassdrag med lite vassføring, slik som t.d. Hopra, kan problemet fort bli alvorleg. Det vil også kunne medføre dårleg lukt.
Tiltak
Døme på moglege tiltak for å redusere næringsstofftilførselen frå landbruket i vassdrag:
- Forsvarleg gjødselhandtering dvs. spreie gjødsel på rett måte og tidspunkt
- Undersøkje og tette ev. lekkasjar i gjødsellager
- Fjerne og/eller slutte med deponi av organisk materiale nær vassdrag.
- Rundballar bør helst lagrast på ugrøfta mark med god naturleg drenering. Terrenget bør vera mest mogeleg flatt og minimum 50 m (helst 100 m) frå bekk, kanal, kum på lukka røyr eller veggrøft. På jord med dårleg naturleg drenering må ikkje rundballar ligga med helling til vassdrag
- Ugjødsla randsoner dvs. opprette eit belte med vegetasjon langs vassdraga som ikkje blir gjødsla
- Etablere belte med heilårsvegetasjon mellom jordbruksareal og vassdrag, som kan fungere som buffer og naturleg filter
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon finn du på denne lenka
Aktuelle lenker og dokument
Forureiningslova
Forskrift om organisk gjødsel