Konsesjon er løyve frå konsesjonsmyndigheitene for å erverve ein eigedom. Erverv er eit fellesord for måtar ein kan ta over ein eigedom på som kjøp, arv, gåve, skifte osv. Eksempel på eigedomar som kan kreve konsesjonsbehandling er hus, gard, ubebygd tomt eller andre areal.
Dei fleste eigedomserverv er likevel konsesjonsfrie ved at det er gjort unntak frå konsesjonsplikta i konsesjonslova.
Slike unntak gjer at ny eigar ikkje treng å søkje om konsesjon og skal fylle ut eigenerklæringsskjema for konsesjonsfriheit.
Søkje om konsesjon eller sende eigenerklæring?
Ein eigedom kan bli erverva konsesjonsfri frå ny eigar sine:
barn og barnebarn, svigerbarnebarn, foreldre med ektefeller, besteforeldre med ektefelle, foreldres sysken med ektefelle, ektefelle, svigerforeldre, ektefelles besteforeldre, sysken, ektefelle av syskena.
Sambuarar i ekteskapsliknande forhold og sambuaren sin nære familie er omfatta tilsvarande som for ektefellar.
Om overdragar ikkje har oppfylt buplikta på eigedomen, er det eit døme på at seljaren/overdragaren ikkje har sitt konsesjonsforhold i orden. Då må det søkjast om konsesjon.
Dersom eigar døyr før plikt-tida er ute, vert det rekna for at overdragar likevel har sitt konsesjonsforhold i orden.
Ja. Og dersom det er fleire sameigarar som ervervar ein annan sameigedel i lag, må kvar enkelt fylle ut sitt eige skjema. Unntak frå dette viser ein til konsesjonsforskrifta § 3.
Søknadskjema
Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom m.v. (PDF, 2 MB)
Send inn søknaden til Vik kommune med din signatur. Postadressa finn du under kontaktopplysningar i tabellen nederst på sida. Søknaden kan og postleggjast i kvit postkasse i resepsjonen i kommunehuset innafor opningstida for kommunehuset.
Konsesjon på eigedomen
Ja, på grunn av at eigedomen er over 35 dekar fulldyrka/overflatedyrka jord.
Ja, sidan eigedomen er regulert til landbruksføremål.
Gebyr
Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 her.
Les meir og evnt. søk om konsesjon hjå Landbruksdirektoratet
Søknadskjema:
Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom i papirform LDIR-359 N (pdf) (PDF, 165 kB)
Send inn søknaden til Vik kommune med din signatur. Postadressa finn du under kontaktopplysningar i tabellen nederst på sida. Søknaden kan og postleggjast i kvit postkasse i resepsjonen i kommunehuset innafor opningstida for kommunehuset.
Buplikt
Å ha buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen. Det kan vera buplikt på landbrukseigedomar og på andre eigedomar. Buplikta kan vera personleg eller upersonleg. Om det er buplikt på ein eigedom vert bestemt av:
- konsesjonslova direkte
- forskrift om nedsett konsesjonsgrense (Det er det pr år 2022 ikkje bestemt i Vik kommune)
- vedtak om konsesjon på eigedomen
Buplikta fylgjer direkte i lova når den som har odel eller er i nær slekt med forrige eigar, overtek ein eigedom med bustadhus og meir enn 35 dekar dyrka mark eller 500 dekar skog. Buplikt kan og setjast som vilkår i ei konsesjonssak.
Kommunen kan og innføra buplikt for dei som kjøper/arvar heilårsbustader, uavhengig av storleik på eigendommen.
Det er eit politisk mål å ha busetting over heile landet. Buplikta skal vere til hjelp for å sikre slik busetting. Brot på buplikta kan føre til at eigedomen vert tvangseld.
Les meir på lenkja her om buplikt på sidene til Landbruksdirektoratet.
Ved overtaking av ein konsesjonseigendom (der fulldyrka+overflatedyrka areal er på meir enn 35 da eller har meir enn 500 da produktiv skog) er det eit krav om at kjøparen buset seg på eigedommen innan eit år og bur der sjølv i minst 5 år.
Dersom det er umogeleg å busetje seg på eigedomen sjølv, skal det søkjast om konsesjon på vanleg måte.
Landbrukseigedomen kan overtakast utan å søkje om konsesjon - dersom du forpliktar deg å bu på eigedomen i fem år.
Nei, Vik kommune har ikkje nullgrenseforskrift.
Nullgrenseforskrifta inneber at ein kommune kan få innført lokale reglar som betyr at det er konsesjon på alle eigedomar uansett storleik. Føremålet med ei slik ordning er å hindre at eigedomar med heilårsbustader blir brukt til fritidsbustader.
Ja. Kommunen gjer ei vurdering ut frå hensyn til busetting, ressursforvaltning og kulturlandskap.
Utifrå ein konsesjons-søknad kan desse vilkåra bli pålagde søkjar(-ane):
- vilkår om buplikt
- om buplikta skal vera ei personleg plikt
- kor lenge buplikta skal vare
Heimel
Konsesjonslova
Forskrift om konsesjonsfridom
Rundskriv M/21 om konsesjon - priskontroll - buplikt