Driveplikt og jordleigeLytt til tekstenStopp avspillingOm eigedomen din har jordbruksareal med fulldyrka, overflatedyrka jord og innmarksbeite - er det driveplikt på ditt føretak. Fulldyrka mark er jord som er dyrka til vanleg pløyedjupn og kan bli brukt til åkervekstar eller eng som kan fornyast ved pløying. Overflatedyrka mark er jord som er rydda og jamna i overflata, som gjer det mogeleg med maskinell hausting. Innmarksbeite er jordbruksareal som kan brukast til beite men som ikkje kan haustast maskinelt. Dyrka jord skal brukast på ein slik måte at den er eigna for jordbruksproduksjon i framtida. Driveplikta er: personleg gjeld for alle som eig ein slik eigedom gjeld for den tid du er eigar påeigedomen Korleis oppretthalda driveplikta? ved at du som eigar driv jorda sjølv ved at du leiger vekk areala til andre som driv jorda som du er eigar av Produksjonseigenskapane på jorda må oppretthaldast slik at arealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift og få til ei normal avling. I utgangspunktet skal då areala haustast og kultiverast årleg. Du som eigar er ansvarleg for at jorda blir driven, utavhengig korleis driveplikta er oppfylt. Som ny eigar må du innan eit år etter overtaking av eigedommen bestemma om jorda skal drivast sjølv eller leigast bort. Søkje kommunen om fritak frå driveplikta? Du finn innlogging til søknadskjemaet her: Driveplikt - søk om fritak Utleige av jord Eigar kan velje å ivareta driveplikta ved å leige ut jorda. Jorda må leigast ut i minst 10 år i gangen. Leigekontraktar ut over 10 år kan kreve delingssamtykkje og konsesjonsbehandling. Dersom jord ikkje blir driven, går kontakten mot eigar - ikkje leigar. Du kan leige ut jorda di til ein eller fleire leigetakarar. Dette krev leigekontrakt med kvar enkelt leigetakar. Krav til leigekontrakt Leigekontrakten skal oppfylla desse krava, ellers kan ikkje ein leigeavtale vera gjeldande. Når avtalen er inngått skal eigar sende ein kopi av denne til kommunen. leigeperioden må vare i minst 10 år leigekontrakten skal vere skriftleg må føra til driftsmessig gode løysingar Dispensasjon frå kravet om 10-års leigekontrakt Det kan søkjast om dispensasjon frå 10-års kravet dersom det er særlege grunnar for at ein ikkje ynskjer å leige bort jorda så lenge. Det kan td vera dersom ein står framfor eit generasjonsskifte. Er det mogeleg å søkje om fritak frå driveplikta? Det er mogeleg å søkje om fritak frå driveplikta.I slike høve vert dette vektlagt:kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevdstorleiken på arealetavkastningsevnaom det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i områdeteigar sin livssituasjonSkjema for utfylling finn du på lenkja her -dispensasjon - fritak frå driveplikt (PDF, 70 kB) Kva skjer dersom driveplikta ikkje blir oppfulgt? Om eigar ikkje driv jordbruksarealet sjølv, ikkje har leigd bort jorda eller der leigeavtalen fører til driftsmessige uheldige løysningar kan eigar: få pålegg om å leige vekk jorda for minst 10 år få pålegg om skogplanting eller andre tiltak av hensyn til kulturlandskapet bli ilagt tvangsgebyr Nyttige lenkjer: På lenkja her finn du eksempel på ein jordleigeavtale. (PDF, 178 kB) Denne lenka inneheld jordleigeprisar fordelt utifrå soner i landet Her er lenkje til gardskart. Vik kommune har kommunenr 4639 Her finn du lenkje med informasjon om oppføring av driftsbygning Heimel: Jordlova LOV-1995-05-12-23 Lov om endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova mv LOV-2017-06-21-99 Rundskriv M-2/2021-Driveplikt omdisponering og deling (PDF, 19 MB) Rundskriv M-35/95- Jordlova sine formål (PDF, 6 MB) Lenkje informasjon frå Statsforvaltar i Vestland om driveplikt og jordleige datert i april 2022 Administrasjonen Informasjon Kontaktopplysningar Telefon 57 69 82 00 Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Organisasjonsnummer 937498764 EHF faktura 0192:937498764 E-post postmottak@vik.kommune.no eDialog Sikker elektronisk post til kommunen Sist endra 25.10.2024 15:08