Søk stønad til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg.
Du kan søkje om spelemidlar til:
- ordinære anlegg (organisert idrett og fysisk aktivitet). Nedre grense for kostnad er kr 150 000
- nærmiljøanlegg (eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet). Nedre grense for kostnad er kr 50 000
- rehabilitering av eldre anlegg
Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad.
Kven kan få tenesta?
For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer.
Søkjarar kan vera:
- idrettslag/organisasjonsledd i Norges Idrettsforbund
- samanslutningar under Norges Jeger og Fiskeforbund, Den norske Turistforening, Norges Bilsportforbund eller Det frivillige Skyttervesen.
NB! Aksjeselskap, stiftingar og samvirkeforetak må søkje kulturdepartementet om førehandsgodkjenning av vedtektene sine for å kunne søkje om spelemidlar.
Desse samanslutningane kan søkje om tilskot til særlege anlegg:
- organisert under Friluftsrådenes Landsforbund og Norsk Friluftsliv kan søkje om tilskot til friluftsanlegg
- organisert under Norsk Kennel klubb kan søkje om tilskot til anlegg for hundesport
Korleis kan du søkje på tenesta?
- Ta kontakt med Rådgivar oppvekst i Vik kommune på telefon 57 69 82 00, for å få eit anleggsnummer.
- Send inn søknad via idrettsanlegg.no
Den kommunale søknadsfristen er 15. oktober.
Publisert 28.10.2021 08:20
Sist endra 27.10.2023 13:21