Meir om tenesta
Vik kulturskule vart etablert i 1980. Kulturskulen har 7 tilsette i større og mindre stillingar i tilllegg til kulturskulerektor. Kulturskulen har og ansvaret for UKM, DKS (lokalt) "Den kulturelle skulesekken" og er en del av DKSS "Den kulturelle spaserstokken"
I skuleåret 2024/2025 kan me tilby fylgjande disiplinar:
- dans
- visuell kunst
- musikk
- musikkterapi
Kulturskulen held til i skulebygget på Vangsnes, men ein tek sikte på å drive mest mogleg desentralisert undervisning. Bygget rommar dansesal med scene, musikkrom, rom for visuell kunst, øvingsrom og kontor. Kulturskulen fylgjer same undervisningsår som grunnskulen. Kulturskulen arrangerar jevnleg elevkonsertar og utstillingar.
Aktivietskalender for kulturskulen våren 2025 finn du her. (PDF, 421 kB)
Brosjyre 2024/2025 for Vik kulturskule finn du her. (PDF, 1005 kB)
Lenkje til rammeplan-Norsk kulturskoleråd (kulturskoleradet.no)
kknytt2.4-25.pdf (PDF, 147 kB)
Kulturskulenytt
Kulturskulen gir ut "kulturskulenytt" kvart skuleår. Under kan du sjå dei ulike nummera:
Kulturskulenytt 2 - 2024/2025 (PDF, 147 kB)
Kulturskulenytt 3 - 2024/2025 (PDF, 2 MB)
Meir om disipliner:
Musikk - Individuell undervisning:
Opplæring i grunnleggjande note-/ og rytmelesing og grunnleggjande speleferdigheiter. Eleven skal kunne spele kjende melodiar, barnesongar og små musikkstykker etter eit par år med individuell musikkopplæring.
Dans - Undervisning i grupper:
Kulturskulen gir opplæring i ulike danseformer. Å kunne uttrykkje seg med rørsle, å oppleve, utøve og skape dans vil kunne gi eit positivt bidrag til elven si fysiske, emosjonelle, sosiale og intelektuelle utvikling.
Visuell kunst - Undervisning i grupper:
Visuell kunst omfattar maleri, fotografi, kunsthandverk, teikning, grafikk og skulptur animasjon. Eleven får dyrke si kreative skaparglede. Opplæring i grunnleggjande teknikkar og uttrykksmåtar.
Musikkterapi - undervisning både i grupper og individuelt:
Faget fokuserar på relasjonar mellom musikk og helse. Musikkterapi er knytt til ulike praksisfelt til dømes i barnehage, skule, kulturskule og eldreomsorg. Musikkterapi er tilpassa musikkopplæring der eleven sjølv er ein aktiv pådrivar saman med hjelp av terapeuten.
Kven kan få tenesta?
Alle som vil kan få denne tenesta.
Korleis kan du søkje på tenesta?
Innmelding/utmelding kulturskule
Dersom de ikkje kan søke elektronisk, kan de skrive ut søknadsskjema og sende dette til Vik kommune. Sjå skjema og adresse her. (PDF, 307 kB)
Søknadsfrist
Undervisning som følgjer undervisninsgår: vi tar inn elevar så lenge det er plass.
Kortare kurs som ikkje følgjer undervisningsår:
påmeldingsfrist annonserast på førehand.
Utmelding: 1. august og 1. desember
(gjelder undervisning som følgjer undervisningsår)
Kva kostar det?
Oversikt over prisar finn du ved å gå inn på → Gebyr og satsar på heimesida på denne lenkja.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål kan du ta kontakt rektor Dora David på telefon 97523903 eller e-post dora.david@vik.kommune.no
Aktuelle lenker og dokument