Meir om tenesta
Du skal sjå til innretningane regelmessig og leggje opp gode rutinar for drift og vedlikehald.
Du sender melding dersom verksemda har
- kjøletårn
- luftskrubbar
- badeanlegg
- boblebad som er tilgjengeleg for allmenta
Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.
Du tar mikrobiologiske prøver dersom verksemda har
- kjøletårn
- luftskrubbar
- fuktanlegg
- innandørs fontene
så sant du ikkje kan dokumentere at vekst og spreiing av legionellabakteriar ikkje vil skje.
Dersom det er mistanke om utbrot, skal du ta mikrobiologiske prøver av alle installasjonane som kan vere årsaka til smitten før du går i gang med å reingjere og desinfisere.
Legionellabakteriar finst naturleg i låge konsentrasjonar i overflatevatn og jordsmonn. Det er først når dei får formere seg over lengre tid i lunka vatn i tekniske installasjonar, at dei kan føre til smittefare. VVS-installasjonar som kjøletårn, dusjanlegg og boblebad blir rekna som dei viktigaste kjeldene, men òg andre kjelder (som luftskrubbarar, sprinklaranlegg og fontener) kan overføre bakterien.
Kven kan få tenesta?
Eigarar av verksemder eller eigedomar som direkte eller indirekte kan spreie legionella
Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10. Sjå òg arbeidsmiljøloven § 4-1, folkehelseloven kap. 3 og plan- og bygningsloven § 29-6.
Korleis kan du søkje på tenesta?
Melding kan du senda til Vik kommune på epost postmottak@vik.kommune.no, eller til postadresse:
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.
Saksbehandling
Melding om verksemda inneber ikkje at kommunen gjer eit vedtak, men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn, og det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg.
Korleis kan du klage på tenesta?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Aktuelle lenker og dokument