Brukarutstyr for injeksjon

Helsedirektoratet har bestemt at alle kommunar i landet skal ha ordningar som gjer brukarutstyr for injeksjon gratis, og enkelt tilgjengelig for alle injiserende stoffmisbrukarar som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen.

Brukarutstyr er tilgjengeleg på Vik Legekontor- Helsetunet, Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn. Me har ope frå kl 08:00-15.15. Eventuelt kan ein ringe 576 98 700 og gjere ein avtale med oss.  Etter dette tidsrommet ring 116117, og spør etter legevaktlegen i Vik, så vil den dele dette ut.

Smitteførebyggande tiltak 

Den beste måten å redusere infeksjonar blant misbrukarar er å slutte med, eller redusere bruken av narkotika. Dette er ikkje alltid realistisk. Difor kjem litt informasjon om korleis han/ho kan redusere risikoen for infeksjonar ved fortsatt misbruk:

  • bruk alltid reine sprøyter kvar gong du injiserar
  • del aldri sprøyter og anna brukarutstyr (kokekar, vatn, filter og bomullsdotter) med andre
  • dersom du likevel brukar sprøyter fleire gonger eller deler med andre, reingjer sprøyte og spissar kvar gong ved å: 
  1. skylle sprøyte og spissar med reint vatn for å fjerne blodrestar og deretter koke dei i 10 minut
  2. rense sprøyter og spissar ved å la dei ligge i vanleg husholdningsklorin i 30 sekund, og deretter skylle sprøytene og spissane med reint vatn for å fjerne klorinet
  3. skylle sprøyte og spissar med reint vatn for å fjerne blodrestar
  • sikre bedre injeksjonspraksis ved å:
  1. vaske hendene godt før og etter injeksjon
  2. hvis mogleg, kok det narkotiske stoffet
  3. vask huda med alkoholbasert desinfeksjonsmiddel
  4. unngå å injisere på halsen og i lysken
  5. unngå å injisere intramuskulært eller subkutant
  • bruk skadereduserande helsetiltak dersom desse er tilgjengelig som:
  1. sprøyteutdeling og sprøyteinnbytteordningar
  2. legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  3. sprøyterom
  4. rensing av brukarutstyr med klorin til dømes i fengsel
  • forsøk å begrense eller avstå frå bruk av narkotiske midlar, alternativt røyk eller sniff narkotiske stoff i staden for å injisere dei
  • bruk alltid kondom ved tilfeldige sexpartnarar
  • ver nøye med den personlige hygienen inkludert tannhygiene

Vaksinering og diagnostisering

  • Me tilbyr gratis undersøking med tanke på diagnostisering av Hepatitt B og C, og HIV. Dette vert utført ved ein blodprøve, samt eventuelt samtale med ein lege.
  • Dersom ein ynskjer det kan ein få gratis Hepatitt B vaksine, men då kan ein ikkje vere smitta.
  • Alle som er HIV og/eller Hepatitt C positive skal få tilbod om gratis tilvising til behandling. 

Utstyr

  • Sprøyter
  • Nåler
  • Kokekar og filter
  • Røykefolie
  • Askorbinsyre

 

Vik Legekontor 20.03.2023